Kategorier:
Søk i anmeldelsene
Månedsarkiv:
Skjebnesøstrene av Eleanor Brown
Morosam roman med litt for mange Shakespearesitater
Av Kjell Magne Gjøsæter, 28. Februar 2012, kl. 22.08

Tittel: Skjebnesøstrene
Forfatter: Eleanor Brown
Oversetter: Nina Aspen
Sider: 379
ISBN: 9788279005001
Utgitt: 2012
Språk: Bokmål
Forlag: Pantagruel Forlag

SkjebnesøstreneDette er debutromanen til Eleanor Brown, som har mastergrad i litteratur, og har tidlegare skrevet ei rekkje med artiklar i magasiner og aviser. Ho er født og oppvokst i Washington, men har også vert innom blant anna Oxford i England, der også noko av handlinga i boka føregår. Ho er den yngste av tre systrer, så denne boka er nok blitt inspirert frå hennar eiga familie.

I denne romanen møter me systrene Bean, Rose og Cordy, eller Bianca, Rosalind og Cordelia som de eigentlig heiter. Faren, som er professor i engelske litteratur og som snakkar stort sett i vers frå Shakespeare, har oppkalt de etter karakterar frå Shakespeare-stykker. De er veldig forskjellige, men ein ting har de til felles; de føler seg mislykka.

De tre systrene reiser heim til foreldra, opprinneleg fordi mora er blitt alvorlig sjuk, men den eigentlige årsaka er ein heilt anna. Cordy er blitt gravid med ein maler ho møtte på gjennomreise, Bean har fått sparken i eit advokatfirma etter at ho blei tatt for underslag og Rose har flytta heim, fordi hennar framtidige mann har fått midlertidig jobb i Oxford, England.

Mora er ramma av ein vondarta brystkreft, og systrene har i tillegg til å ta seg av si sjuke mor, også meir enn nok med å ordne opp i sine eigne liv.

Språket i denne boka er fantastisk, og der må det også rettes stor ros til oversetjar Nina Aspen, som har klart å vidareført språket til norsk. Frå fyrste side av så blir ein dratt rett inn i Eleanor Brown`s verden.

Her er systerskapet i fokus. De vidt forskjellige systrene kan gå kvarandre på nervane, men samtidig så ligg omsorgen for kvarandre rett under overflata. Som det står så treffande på omslaget: ” Vi elsker hverandre, vi bare liker ikke hverandre særlig godt.” Dette oppsummerer boka på ein ypperlig måte.

Boka inneheld også eit alvorleg tema, nemlig kreft. Me får eit sterkt bilde på den sårheita og bekymringa det er å ha ein alvorlig sjuk person i nær familie. Men tross dette så er det ei humørfylt bok, der ein får mange artige bilder inni hovudet, og ei mor som har, sjølv med sin alvorlige sjukdom, ein herlig ironi.

Cordy, som ble født sist, kom en måned senere enn forventet, skled dovent ut av mors liv og motbeviste at fødselen blir kortere for hver gang. Siden har hun kommet for sent til alt og liker å si at hun til og med vil komme for sent til sin egen begravelse.

Omgivnadane er ikkje så detaljert som enkelte kanskje skulle ønska, men til gjengjeld så går forfattaren under huda på den eksentriske familien, og historier frå når systrene var unge dukkar opp med jevne mellomrom. Enkelte dødpunkter er det i boka, og det kan bli vèl mange Shakespeare-sitater som ein ikkje alltid blir klok av.

Eg har stor tru på at denne herlege romanen blir overført til filmverda, for dette er ein typisk romantisk komedie som er lagt til eit rolig strøk i USA.

For alle som er glade i ein rolig roman så er dette verkeleg eit godt kjøp! Den bør finnes i alle bokhyller rundt om, for det var ein sann fornøyelse å lese denne boka.


Del denne bokanmeldelsen på:
Forfattere: