Kategorier:
Søk i anmeldelsene
Månedsarkiv:
Siste Nytt av Tom Rachman
Original og morosam satirisk roman frå eit avismiljø.
Av Kjell Magne Gjøsæter, 4. Mars 2012, kl. 22.56

Tittel: Siste Nytt
Forfatter: Tom Rachman
Oversetter: Knut Ofstad
Sider: 306
ISBN: 9788205407381
Utgitt: 2011
Språk: Bokmål
Forlag: Gyldendal

Siste NyttForfattar Tom Rachman kjem her med sin debutroman om livet i og rundt eit avismiljø. Han er født i London, men vaks opp i Vancouver. Han har studert film og fullført mastergrad i journalistikk, og har seinare jobba som journalist og redaktør. For tida er han i full gang med sin andre roman.

I ”Siste Nytt” så er hovudhandlinga lagt til Italia, og nærare bestemt Roma. Der driv sjefredaktør Kathleen Solson, saman med nyheitsredaktør Craig Menzies, ei internasjonal nyhendeavis med delvis suksess. Eigaren for avisa, Oliver Ott, har ikkje noko form for forretningsmessig sans og har knapt lest ei avis i sitt ”nokenogtjue” år lange liv.

Me møter elleve vidt forskjellige personar, men alle har den same lidenskapelige forholdet til avisa. Frå ein pensjonert Pariskorrespondent, som gjerne diktar opp historier for å ha råd til å betala husleiga, via personar i nyheitsdesken til ei fanatisk dame som har alle eksemplara frå 1976, bortsett frå det eine eksemplaret frå 24. april 1994, og det er det ein grunn til.

Denne boka er ei satirisk roman om eit avismiljø uten den heilt store strukturen. Boka har elleve kapitlar. Kvart kapittel handlar om ein spesifikk person knytta til avisa. Så dette er faktisk ei så uvanlig bok at i den eine enden er det elleve frittståande noveller, og i den andre enden så har det blitt ei litt underfundig og morosam bok frå A til Å. Sjølv om me møter personar som har kvar sin historie å fortelja, så dukker likevel enkelte namn opp igjen gjennom boka, og historiane blir fletta saman på ein meisterleg måte.

Tidligere lå Arthurs kontorcelle ved drikkevanndispenseren, men sjefene ble lei av å måtte tørrprate med ham hver gang de ble tørste. Så vannstasjonen ble stående og han ble flyttet.

Overskriftene på kapitla er avisoverskrifter som blir gjentatt i kapittelet, og som kanskje ikkje har noko med handlinga å gjere, men som likevel kan bli utslagsgivande for historia. Dette er ein morosam ingrediens i denne romanen.

Eg var skeptisk då eg begynte på denne romanen, men all min skepsis vart knust til pinneved allereie etter det fyrste kapittelet. Dette er ei fascinerande og morosam bok med mange friske idèar og utsegn. Me møter forskjellige skjebnar og personlege skuffelsar, noken er sjølvforskyldt, andre blir lurt opp i stry av eksentriske personar.

Det er eit lite risikoprosjekt frå forfattaren si side å gje seg ut på ein slik struktur av historiene. Men det fungerer, og det fungerer strålande. Alle historiene er riktignok ikkje like morosame og interessante, men det ligg pasjon og forteljarglede bak kvart einaste kapittel.

Er du på utkikk etter ei lettlest bok med mange morosame situasjonar og kommentarar, eller rett og slett er på jakt etter ei original bok så er denne romanen midt i blinken.


Del denne bokanmeldelsen på:
Forfattere: