Kategorier:
Søk i anmeldelsene
Månedsarkiv:
Englemakersken av Camilla Läckberg
Svensk krim på sitt beste.
Av Kjell Magne Gjøsæter, 9. April 2012, kl. 22.06

Tittel: Englemakersken
Forfatter: Camilla Läckberg
Oversetter: Gry Brenna
Sider: 415
ISBN: 9788205423206
Utgitt: 2012
Språk: Bokmål
Forlag: Gyldendal

Englemakersken
Camilla Läckberg, født i Sverige, er her ute med sin åttande krimroman om Erica og Patrik Hedström. Hennes store gjennombrot kom i 2008 med ”Steinhuggeren”, som vart nominert til Årets beste svenske krimroman. Ho har solgt over 5 millionar bøker og fleire av bøkene er blitt TV-seriar.

I ”Englemakersken” blir me tatt med ut til Valö, ei lita idyllisk øy like utanfor Fjällbacka. Påskeafta i 1974, nærare bestemt 13. april blir politiet oppringt av ein anonym person. Denne personen forklarer at de må rykka ut til internatskulen på Valö. Når de to politibetjentane kjem inn i spisestua, står maten klar på bordet, men bortsett frå 1 år gamle Ebba, så er det ikkje noken tilstades. To vaksne og tre born er sporlaust borte, og mysteriet vart aldri løyst.

Ebba flytter tilbake til Valö mange år etter, saman med mannen sin, Mårten Stark. De har kjøpt barndomsheimen til Ebba, og har store planer om å pussa opp huset. Forholdet dem i mellom er på brestepunktet etter at sonen deira døde på tragisk vis, og de klandrar kvarandre. De finner rester av inntørka blod når de riv opp golvet i spisestua, samtidig blir de utsett for eit mordbrannforsøk, og det oppstår ein skyteepisode. Er det nokon som berre vil ha de vekk frå øya, eller er det fortida som heimsøkjer Ebba?

Erica Falck ser mogligheita til å skrive ei bok om forsvinninga på Ebba`s familie i 1974, og vert engasjert i saka, og har sjølv forska på Ebba`s forfedre, som er både mørk og tragisk. Mannen hennar, Patrik Hedström, etterforskar brannen og skyteepisoden, samtidig som han også vil finne ut kva som skjedde påskeafta i 1974.

Camilla Läckberg har nok ein gong puslet saman eit strålande plott. Måten forfattarinnen klarer å balansera handlinga mellom etterforskinga og privatlivet til karakterane er ein estetisk nytelse.
Sårheita og saknet av eit barn som ikkje lenger er blant oss, er også beundringsverdig godt skildra i denne boka.

De har jo tapet av et barn å bearbeide, og jeg ser på søsteren min hvordan sånt kan påvirke et forhold. Felles sorg fører ikke alltid mennesker nærmere hverandre.

For de som enda ikkje har gjort seg kjent med Läckberg-universet, så går de same personane igjen, og livet går sin gang i bøkene. Så viss du vil ha den heile samanhengen, så er det ein fordel å byrja med den fyrste boka i denne serien om Erica og Patrik Hedström. Ellers kan det fort bli eit lite antiklimaks å ha kontroll på alle personane som figurerer i denne boka.

Den herlige blandinga av seriøse og til tider useriøse karakterar er uimotståelig. Min store favoritt er sjefen sjølv, Bertil Mellberg. Han framstår, ifølge han sjølv, som ein naturlig og klok sjef, og har ein forkjærleik for forhasta slutningar.

Noko av da som blir beskrive i boka kan ein få assosiasjonar til tragedien på Utøya. I ”etterordet” til forfattarinnen skriv ho sjølv at hendingar i denne boka minner om den ondskapen som skjedde 22 Juli. Når det er sagt, så er sjølve boka skrevet før hendinga på Utøya, og har ingen samanheng.

Du bør ikkje ha noken avtaler de næraste timane når denne krimromanen er kommet i hus, for ein blir oppslukt av boka og tida flyr avgarde. Og nattlampa kjem til å vera ståande på til langt på natt for Läckberg skuffer ikkje lesarane denne gongen heller.

Ei særdeles spennande og underhaldande bok som varmt kan anbefalast.


Del denne bokanmeldelsen på:
Forfattere: