Kategorier:
Søk i anmeldelsene
Månedsarkiv:
Død Manns Hånd av Carin Gerhardsen
Svensk krim som imponerer tross sine manglar.
Av Kjell Magne Gjøsæter, 28. Juni 2012, kl. 21.18

Tittel: Død Manns Hånd
Forfatter: Carin Gerhardsen
Oversetter: Toril Hanssen
Sider: 346
ISBN: 9788241907180
Utgitt: 2011
Språk: Bokmål
Forlag: Vigmostad & Bjørke

Død Manns HåndCarin Gerhardsen, født i Sverige, er ute med sin fjerde krimroman om etterforskar Conny Sjöberg og resten av staben ved Hammarby politidistrikt. Ho er matematikar og har jobba i IT-bransjen. Ho debuterte med romanen ”På flukt fra tiden” i 1992, men boka vart aldri noko suksess, og ho heldt fram med IT-jobben sin. I 2008 skreiv ho den fyrste av desse foreløpig fire bøkene om Hammarby-politiet, og har blitt ein stor salssuksess i Sverige.

Etter ein vellykka pokerkveld med vener, vert den 52 år gamle familiefaren Sven-Gunnar Erlandsson brått og brutalt skoten og drepen, medan han var på veg heim. Alle venene hans er unisont einige om at han var ein respektert heidersmann som hjalp til overalt, og som ikkje hadde nokon fiendar.
Sven-Gunnar, Svempa blant vener, hadde eit stort engasjement for uteliggjarar i eit skogholt i nærområdet.

Politiet finn fire spelekort på han, saman med ein handskriven lapp, der teksten er blitt meir eller mindre uleseleg grunna store nedbørsmengder denne augustnatta. Lommeboka ligg i lomma hans, men Iphonen med det raude dekselet som han alltid har meg seg, er vekke.

Conny Sjöberg og hans mannskap står uten spor i denne saka. De byrjar å leite i pokerlaget hans etter ting som kan setja drapet i eit nytt lys. Samtidig så undersøkjer de husvognene der uteliggjarane held til. Er det nokon i pokerlaget eller personar i uteliggjarmiljøet som har grunn til å drepa Svempa? Eller er det berre ein tilfeldig forbipasserande som har utført dette kaldblodige drapet?

”Død Manns Hånd” er ei krimbok som startar brutalt for lesaren. Når de fyrste 20 sidene er lest, så har forfattarinna introdusert deg for intet mindre enn 13 personar. Og for å toppa da heila, så har nokon av desse personane også kallenamn. Ein får ikkje den fulle og heile oversikt over de forskjellige karaktarane før langt ut i boka. Dermed forsvinn litt av lesargleda, og det er trist, for dette er faktisk ein bunnsolid og truverdig krimroman.

Eg meiner at Carin Gerhardsen burde ha tittelert personane ved politihuset med fornamn, og ikkje etternamn som ho gjer i denne boka. Eit namn som ”Westman” seier ikkje lesaren noko om det er ein mann eller ei dame. For nye lesarar i denne serien, meg sjølv inkludert, så blir det unødvendig masse hopping att og fram for å finna ut kven som er kven.

I starten av etterforskinga så kjem også den klisjèaktige setninga ” noko som ikkje stemmer, men klare ikkje å setja fingeren på kva” fram eit par gongar. Den byrjar å bli oppbrukt etterkvart.

Sjöberg registrerte det. Det varte bare i en brøkdels sekund, og han forsto ikke hva det var han så, men han så det.

Forfattarinna har eit sterkt fokus på følelsane og stemninga personar utstrålar under avhøyr. Ho beskriv uttrykka i ansikta og usikkerheita på ein unik måte. Du kan verkeleg sjå personen for deg korleis han\ho sit i stolen og mistrives under avhøyra. Det heile blir særs realistisk.

Det er mange lause trådar som blir forbilledleg fletta saman i denne krimromanen som har flust med mistenkte personar. Tross sine enkelte negative sider, så er denne historia både spanande og underhaldande. Boka er vel verdt å lesa og den set lesaren på pinebenken til siste slutt.

Med dette viser Carin Gerhardsen at svensk krim er i vinden som aldri før.


Del denne bokanmeldelsen på:
Forfattere: