Kategorier:
Søk i anmeldelsene
Månedsarkiv:
Den navnløse av Joshua Ferris
Fascinerande roman om ein mann med ein udefinerbar sjukdom.
Av Kjell Magne Gjøsæter, 6. Juli 2012, kl. 18.52

Tittel: Den navnløse
Forfatter: Joshua Ferris
Oversetter: Henning Hagerup
Sider: 319
ISBN: 9788202327828
Utgitt: 2011
Språk: Bokmål
Forlag: Cappelen Damm

Den navnløseJoshua Ferris er ein amerikansk forfattar, født i 1974. Han er best kjent for sin debutroman, ”Så kom vi til slutten” (2007), som har fått strålande kritikkar frå media, og er oversett til 25 språk.

I ”Den navnløse” så lever Tim Farnsworth eit godt liv. Saman med sin kone Jane, og den overvektige og musikkinteresserte dottera Rebecka, bur de i eit stort og fasjonabelt hus. Tim er ein suksessfull og lidenskapeleg engasjert advokat, der han også er partner i firmaet. Han tener gode pengar og yter stor respekt blant sine kollegaer.

Plutseleg ein dag reiser han seg opp og går ut uten nokon mål og meining, men han må gå, uten at han klarar å stoppa. Jane finn han sovande i snøen i eit skogholt. Da er mange år sidan sist han fekk eit slikt innfall. Men no er det komme tilbake.

Han oppsøkjer forskjellige legar og psykologar, men de finn ikkje noko fysiske feil ved han. Tim sjølv seier at det er kroppen som bestem. Han kan stå midt i ein samtale når beina plutseleg beordrar han til å gå. Han kan vere svolten og utmatta, men han stopper ikkje opp før kroppen og beina endeleg slepp taket. Då sovnar han der han er. Jane må ofte ut og hente han midt på natta. Ho lenker han fast med handjern i senga heime, dottera må sitja barnevakt for faren, og det går ut over jobb og familieliv.

Tim har ein ryggsekk ståande klar når han må gå. Oppi der er blant anna varmejakka, finlandshetta og Blackberry`en hans, som han ringjer med når han vaknar opp etter sine turar og kona må henta han heim igjen.
Anfalla skjer oftare, og han går lenger og lenger. Jobben er i ferd med gleppa, kona er i ferd med å gje opp, og dottera trur ikkje på at han er sjuk. Vil han sjølv eller legane klara å stoppa desse gå-anfalla, eller vil livet hans gå til grunne, bokstaveleg talt?

Dette er ei veldig spesiell historie som Joshua Ferris har skrevet ned mellom to permar. Sjukdommen til Tim er unik. Legane diagnostiserer han som psykisk sjuk. Tim står igjen på bar bakke. Kva kan han gjera når medisinsk forsking ikkje har noko svar på hans plagar,og som ifølge han sjølv ikkje har noko med psyken å gjera?

Og som lesar kan ein ikkje unngå å tenka tanken, ”kva viss dette var meg?”.

Ein får ein sterk sympati for familien Fansworth. Kona må leve med uvissheita rundt mannen dag og natt. Og forfattaren klarar å få fram sorga og maktesløysa ho føler, og tankane hennar som slit mellom å stå ved mannens side, eller å få seg eit nytt liv.

Dottera blir forsømt og hata når faren har sine verste plager, og som attpåtil må sitja ved hans side og passa på han.

Boka føregår over mange år, og den siste halvdelen av romanen handlar stort sett utelukkande om Tim og den litle familien hans.

Når eg las denne boka, så sat eg med følelsen av at forfattaren sjølv ikkje veit kva som eigentleg feiler hovudpersonen. Men likevel så er denne boka så fascinerande at eg biter på historia hans.

Det er ei bok med ein trist og sår undertone, om lengsel og håp, om mot og sjølvbeherskelse. Joshua Ferris vartar opp med stor skrivekunst i denne boka som er så spesiell og fascinerande, at eg vil anbefala den til ein kvar person. Dette kan bli ein moderne klassikar.


Del denne bokanmeldelsen på:
Forfattere: